Stenger delar av Lepsøyvegen frå 17. oktober

Frå tidleg morgon torsdag 17. oktober bli delar av Lepsøyvegen stengd. Då startar prosjektet med å bygge løysing for gåande og syklande lang fylkesveg 5150 Lepsøyvegen. Vegen vil vere stengt fram til til slutten av mai 2025.

Kart som viser kvar byggings skal skje - Klikk for stort bilete

Fylkesveg 5150 Lepsøyvegen blir stengd på strekninga mellom avkøyring til E39 Halhjemsvegen og avkøyring til kommunal veg Solbakken, sjå kartet.

Området som blir stengt er det same som tidlegare varsla:

  • Stengd for gjennomkøyring i begge retningar i byggeperioden
  • Utrykningskøyretøy og rutebuss får løyve til gjennomkjøring 
  • Tilgang for naboar (9 stk) frå nord etter avtale med entreprenør
  • Mjuke trafikantar får tilgang gjennom anleggsområdet
  • Åtkomst til Lekven og Nilsavegen vil vere via kryss på Lunde
  • Omkøyring for biltrafikk og tungtrafikk blir rundt Ulven-vatnet

 

Desse kan passere

Vegen blir open for rutebuss, skulebuss, utrykkingskøyretøy, gåande og syklande i anleggstida. All annan trafikk må nytta omkøyring langs Skeisflaten og Ulvenvegen.

Bebuarar i anleggsområdet får tilkomst til sine eigedomar i anleggstida.

Bjørnafjorden kommune er byggherre, medan Vestland fylkeskommune (VLFK) skal stå som eigar av anlegget etter ferdigstilling.

Arbeidet er ein del av gjennomføringa av Miljøløftet. Les meir om arbeidet: Trolldalen - Lepsøyvegen 

Les meir om Miljøløft-prosjekta i Bjørnafjorden: Miljøløftprosjekt i Bjørnafjorden 

Les meir om Miljøløftet: Om Miljøløftet