
Fylkesveg 5150 Lepsøyvegen blir stengd på strekninga mellom avkøyring til E39 Halhjemsvegen og avkøyring til kommunal veg Solbakken, sjå kartet.
Området som blir stengt er det same som tidlegare varsla:
- Stengd for gjennomkøyring i begge retningar i byggeperioden
- Utrykningskøyretøy og rutebuss får løyve til gjennomkjøring
- Tilgang for naboar (9 stk) frå nord etter avtale med entreprenør
- Mjuke trafikantar får tilgang gjennom anleggsområdet
- Åtkomst til Lekven og Nilsavegen vil vere via kryss på Lunde
- Omkøyring for biltrafikk og tungtrafikk blir rundt Ulven-vatnet
Desse kan passere
Vegen blir open for rutebuss, skulebuss, utrykkingskøyretøy, gåande og syklande i anleggstida. All annan trafikk må nytta omkøyring langs Skeisflaten og Ulvenvegen.
Bebuarar i anleggsområdet får tilkomst til sine eigedomar i anleggstida.
Bjørnafjorden kommune er byggherre, medan Vestland fylkeskommune (VLFK) skal stå som eigar av anlegget etter ferdigstilling.
Arbeidet er ein del av gjennomføringa av Miljøløftet. Les meir om arbeidet: Trolldalen - Lepsøyvegen
Les meir om Miljøløft-prosjekta i Bjørnafjorden: Miljøløftprosjekt i Bjørnafjorden
Les meir om Miljøløftet: Om Miljøløftet