Tilskot til lokale kulturbygg

Har laget ditt eit kulturbygg som skal  moderniserast eller byggast om, for eksempel for å få betre universell tilkomst? Sjekk om de kan søke midlar gjennom Vestland fylkeskommune si tilskotsordning.     

Tilfeldige døme på ulike typar lagshus i Bjørnafjorden: Fusa samfunnshus, Sanitetshuset Kløvertun på Osøyro, ungdomshuset i Øyane og bygdahuset Bruvang på Baldersheim. (Foto frå laga sine offentlege sider).

Ordninga “Tilskot til kulturbygg i Vestland” er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gir rom for ulik kulturell verksemd. Lag og organisasjonar sender søknad til sin kommune. Fristen for å sende søknad til kommunen er 20. april 2024.

Ta kontakt med kommunen før du søker

Før laget ditt set i gang arbeidet med ein eventuell søknad, må de vende dykk til kontaktperson i Bjørnafjorden kommune for avklaringar knytt til søknadsprosess og nærare info om ordninga. 

Her har Vestland fylkeskommune samla retningslinjer og vilkår for tilskot, og informasjon om kven som kan søke. 

Lurer du på om prosjektet ditt oppfyller krava til å søke tilskot? Spør oss!  
Dersom du treng svar i påskeferien, send ein sms til 45452296, så tar vi kontakt. Frå 2. april og fram til søknadsfristen 20. april når du oss på e-post og telefon. 

Kontakt

Tom Leonsen
Rådgjevar
Telefon: 45452296
Mobil: 45452296