- Det var ein naturleg ting å gjere, seier Raymond Sælen om sertifiseringa. Stålentreprenøren i Hegglandsdalen har 32 tilsette, og produserer stålkontruksjonar av om lag 1200 tonn stål i året. Prosjektleiar Svein Gunnar Bolstad har leia arbeidet med Miljøfyrtårn-sertifiseringa. I prosessen med resertifisering har dei fått råd av eit anna lokalt miljøfyrtårn, Kaizen Consult.
- Krava for å få sertifisert ei bedrift som Sælen handlar mykje om kjeldesortering, systematisering og transport. Vi har blant anna meir enn 80 % el-bil-andel, seier Bolstad.
Ordførar Trine Lindborg og Synnøve Reksten Mowinckel i Bjørnafjorden Næringsråd med Miljøfyrtårn-plaketten.
Bjørnafjorden Næringsråd har jobba målretta med å forbetre miljøprestasjonane sine, og er det første næringsrådet på Vestlandet som er sertifisert.
- For næringsrådet er det viktig å ta del i det viktige arbeidet og bidra med vår del inn i det grøne skiftet. For oss det utruleg viktig at vi ikkje berre snakkar om det å vere bevisst på miljøet rundt oss, men at vi gjer vår del. Det har vore ein lærerik prosess, som vi anbefaler alle bedrifter å gå igjennom, seier Synnøve Reksten Mowinckel, dagleg leiar i Bjørnafjorden Næringsråd.