Utslepp ved Lyssandfjæra

Eit pågåande utslepp ved Sjoarvegen nær Solstrand Hotel & Bad fører til synleg forureining i Lyssandfjæra. Kjelda til utsleppet er førebels ikkje kjend.
– Vi jobbar med å kartlegge alle moglege kjelder i området, slik at vi kan få stansa utsleppet, seier landbruksjef ved Bjørnafjorden landbrukskontor, Simon Wolff.

Fleire potensielle årsaker

Utsleppet har pågått sidan i sommar. Moglege forureiningskjelder i landbruket har vore grundig undersøkt, men no er kartlegginga utvida til å gjelde fleire andre potensielle årsaker. Mellom anna har vegarbeid i Hatvikvegen ført til at vatn med mykje sediment har blitt spylt ned til sjøen.

Samarbeid om sporing

– Fleire kommunale instansar samarbeider for å bokstaveleg tala kome til botn i saka – landbruk, brannvesenet, VA og samferdsel. I tillegg er vi i tett dialog med Kystverket, fylkeskommunen og Statsforvaltaren, seier Wolff. Konsulentselskapet Norconsult er no engasjert for å kartlegge og spore opp kjelda til lekkasjen.