Offentleg ettersyn av detaljregulering for Flåten - Varåsen 54/582

Saksnummer 24/5286

Merknadsfrist 25.06.2025

 

I medhald av § 12-11 i Plan- og bygningslova har Plan- og bygg og miljøutvalet i Bjørnafjorden kommune i møte 29.04.2025 sak 46/2025 gjort vedtak om å leggja overnemnde plan ut til offentleg ettersyn.

 

Planen legg til rette for ei formålsendring frå offentleg tenesteyting til bustad. Det eksisterande bygget på eigedomen skal ombrukas og regulerast frå barnehage til bustad, med inntil 5 leilegheiter. I tillegg skal det etablerast ein ny firemannsbustad sør i planområdet. Det kan derfor etablerast inntil 9 nye bueiningar i området.

 

Frist for merknad er 25.06.2025

Ver venleg og vis til saksnummeret 24/5286.

 

Saksdokument finn du her

Sjå kart

Kom med innspel