
Bjørnafjorden kommune har vedtatt endring etter forenkla prosess i høve bebyggelsesplan for Nordstrøno 27 bnr. 52 mfl. i samsvar med plan- og bygningslova § 12-14 - 2. ledd, og forvaltningslova § 28. Endringa har plan-id: 4624_2000502.
Endringane gjeld ei arealendring frå vegareal til bustadføremål, justering av byggegrenser, tilkomst, veg og bustadutforming.
Endringane som er søkt om fører til auke i bueiningar og føresegna og plankart er oppdatert i høve endringa. Dette skjer på bakgrunn av faktisk bygd veg i planområdet. Endring frå offentleg veg til felles veg på vegarealet som er endra. Arealet som ikkje er aktuelt å byggjast som veg er søkt om å endrast til bustadføremål. For å sikre tilkomst til FS9 er det gjort justeringar i avkøyringspunkt i plankartet, tomteform og storleik på nokre av tomta.
Det er gjort endringar i føresegn og plankart.
Vedtaket er avgjort administrativt i samsvar med Bjørnafjorden kommune sitt delegasjonsreglement.
For meir informasjon om vedtaket sjå her: Søk etter alle saker - Bjørnafjorden kommune
Ein kan klage på vedtaket dersom ein har rettsleg klageinteresse eller er part i saka. Frist for å sende inn klage er den 09.07.25. Klagen skal inneholde konkret bakgrunn for klagen og kva ein ynskjer endra. Klagen sendast til post@bjornafjorden.kommune.no