Oppdatert: Vi sløkker veglys

Eitt av innsparingstiltaka som kommunestyret vedtok i budsjettet for 2024, er å sløkke veglys delar av døgnet for å spare straum og pengar.

Følgande veglysanlegg i Bjørnafjorden kommune vil vere sløkte mellom klokka 21 (ikkje kl. 20 som opphavleg meldt) på kvelden og 7.30 om morgonen:

  • Giljavegen
  • Gjerdevegen
  • Gåsakilen
  • Haugen
  • Hjellevegen
  • Holdhusvegen
  • Kvernhusrenen
  • Kuvågvegen 
  • Leitet
  • Midtbøvegen
  • Neset
  • Nilsavegen
  • Reset
  • Røttingavegen
  • Skeisbotnen
  • Skeisheia
  • Skjelbreidvegen
  • Solbakken
  • Stallabrotet
  • Strandli
  • Stegen 
  • Støavegen
  • Ulvenvegen 
  • Velumsbrekkene
  • Øvre Varåsen
  • Ådlandsvegen

- Alle desse strekningane har veglysanlegg som er målte og som vi derfor kan styre. Dei fleste andre veglys er umålte anlegg som vi ikkje kan styre, kor lyset blir tent og sløkt via fotocelle, seier leiar for Samferdsel og VA, Agnete Haugland.

Ordninga vil etter kvart gjelde endå fleire strekningar. Oversikta over aktuelle vegar vil bli oppdatert fortløpande.