Oppstart arbeid - Mobergshaugane

Prosjektavdelinga i Bjørnafjorden kommune og Hylland AS vil informere om oppstart av arbeid: “VA Mobergshaugane - Sone 1”.

Prosjektavdelinga i Bjørnafjorden kommune skal i gang med utskifting av leidningsnettet langs Mobergsbakken, delar av Kolabakkane og Midtskogvegen. Grøftearbeida vil bli mellom Mobergsbakken 15 og til gangvegen til Kolabakkane. Gang- og sykkelstien langs Mobergsbakken vert stengt i samband med arbeida. Det skal og skiftast leidningsnett i vegen mellom Kolabakkane 12 og 29, samt mellom Midtskogvegen 24 og Kolabakkane 16.

Hylland AS er utførande entreprenør, og skal ha riggområde i Kolabakkane. Det vil difor bli noko auka trafikk i området.

Tilrigging vil starte i veke 3, og arbeida vil pågå fram til desember 2024. Bjørnafjorden kommune og Hylland vil i tida framover ta kontakt med grunneigarar som vert direkte råka. 

Informasjon om oppstart av arbeid og informasjon undervegs vil ligge på Bjørnafjorden kommune sine nettsider.


Hylland AS                                            

Vidar Rykkje                                          
vidar@hyllandas.no                         
Tlf.: 900 50 061                                

Bjørnafjorden kommune

Lene Jeanett Nordstrønen
ljno@bjornafjorden.kommune.no
Tlf.: 926 18 934