Stengt vassforsyning ved Søvik vassverk

Område som vert råka av stenging av vatnet i forsyningsområdet til Søvik vassverk.

I tidsrommet tysdag 29/10 klokka 19 - onsdag 30/10 klokka 06 vil det vere stengt vassforsyning for delar av forsyningsområdet til Søvik vassverk grunna omkopling på det kommunale vassnettet.

Dette grunna pågåande VA-arbeid i samband med anleggsarbeid på fv. 5156 Åsen - Helleskaret.

Kartutsnitt syner dei som Bjørnafjorden kommune rekna med kan verte råka. - markert med lilla farge.