Utskifting av kablar for Telenor

I oktober startar Linjeproff AS arbeidet med å ta ned Telenor sine gamle kopparkablar, og gjere plass til nye fiberkablar. Dette skjer i Hagavik, Halhjem, Nordstrøno, Moberg og Lysekloster.

Det er berre kablar som skal skiftast ut og ingen stolpar skal bort. 
Arbeidet vil likevel kunne medføre ein del trafikk frå ATV-ar og beltegåande køyretøy langs stolpetraseen og til og frå offentleg veg.

Arbeidet vil halde fram ut året.

Sjå kart over områda det gjeld