Vi spyler det kommunale vassnettet i Os sentrum

I veke 23 er det tid for reinhald av vassleidningane i Os sentrum. Hovudleidningane vil bli spylte på nattestid, medan arbeidet med mindre sideleidningar vil gå føre seg i vanleg arbeidstid. 
Spylinga kan gi trykkvariasjonar og misfarga vatn medan arbeidet pågår.

Dei kommunale vassleidningane i det markerte området vil bli spylte i løpet av veke 23.

Spyling av hovudleidningane skjer om natta: 

  • Frå søndag 1. juni kl. 23 til måndag 2. juni kl. 6
  • Frå måndag 2. juni kl. 23 til tysdag 3. juni kl. 6

Arbeidet kan føre til noko støy i Sentrum/Brugata, Klokkargården og Utgjerdet, Irisfjæro og Haugsneset.

Spyling av mindre sideleidningar skjer på dagtid:

  • Onsdag 4., torsdag 5. og fredag 6. juni kl. 8-15

 

  • Gode råd

    • Bruk så lite vatn som mogleg medan spylinga pågår, slik at du unngår å få partiklar eller misfarga vatn inn på ditt private anlegg. 
    • Unngå å bruke vaskemaskin medan arbeidet pågår. 
    • Ta førehandsreglar om du har sprinklaranlegg.
    • Om vatnet er misfarga etter spylinga, tapp med kaldt vatn til det er klart.
  • Får du varsling på SMS?

    Når det oppstår noko med for eksempel vatnet ditt eller kloakken din, sender vi ut varsel på SMS. 
    Dersom du ikkje får varsel, kan det vere ulike årsaker til det, for eksempel:

    • du har jobbtelefon som er registrert på arbeidsgivar
    • du har hemmeleg telefonnummer
    • du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon
    • du har nyleg flytta eller bur midlertidig på anna adresse

    Gå inn på varslemeg.no
    Her kan du sjekke kva opplysningar som er registrerte på deg i det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret. Vår varslingsordning hentar informasjon for privatpersonar frå dette registeret. Du kan òg endre di eiga oppføring eller legge deg til, dersom du ikkje er registrert.

    Har du ansvar for bygg/næringseigedom? Ønskjer du i tillegg å motta varsling for andre bygg/adresser enn dei som er oppført i offentlege register? Legg til adressa i oppføringa di via varslemeg.no

    Les meir: Telefonvarsling for veg, vatn og avløp