Om langtidsopphaldKven kan få tilbod om langtidsopphald? Personar som ikkje lenger meistrar dagleglivet i eigen heim, og som treng pleie og omsorg heile døgnet. Dette gjeld dersom hjelp frå heimetenestene og teknologi/hjelpemiddel ikkje er tilstrekkeleg for at det skal vere forsvarleg for deg å bu heime. Heimetenester vil bli prøvd ut før eventuelt langtidsopphald blir aktueltSjå: Kommunalkriterieforskrift- sjukeheim og ventelisterSlik søkjer duFyll ut felles søknadsskjema for helse- og velferdstenester (DOCX, 63 kB) Skriv ut skjemaet, skriv under og send det i posten til Bjørnafjorden kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen Dersom det er andre som søker for deg, må du legge ved fullmakt Ved søknad om alle typar opphald i sjukeheim/omsorgsbustad, hentar vi informasjon om helsetilstand og behov frå lege Ved søknad om plass i avdeling for demente, må søkar vise til ein dokumentert demensdiagnose frå legeMeir informasjonRetningslinjer knytt til ønske om flytte av langtidsplass frå ein sjukeheim til ein annan (PDF, 18 kB)Kva skjer vidare med søknaden?Innsyn og registrering av opplysningar i samband med helse- og velferdsstenesterKlage på helse- og velferdstenester Sist endra 03.02.2026 13:54