Her finn du kommunekart over Bjørnafjorden kommune (prøv ein annan nettlesar viss kartet ikkje viser). Dersom du treng rettleiing, finn du det her.
Trenger du situasjonskart kan du bestille dette i kartbutikken.
Finn fram situasjonskartet frå kommunen, bruk linjal for å teikne inn det du skal bygge eller rive i same målestokk som situasjonskartet. Mål opp og teikn inn kortaste avstand frå det du skal bygge eller endre, og fram til:
- næraste bygg på eigen eigedom
- næraste nabobygging
- nabogrense
- midt av gang-, sykkel- eller bilveg
- Bestilling av kart og naboliste på E-torget her.
Generelt om kommunekart
Kommunekart gir deg detaljerte kart og flybilete for heile Noreg. Det er ingen avgrensingar på kor mykje som kan lastast ned kvar gong. Du kan søke opp adressar, stader og eigedommar over heile landet. Du kan enkelt få berekna ei kjørerute med trinn for trinn-instruksar for korleis du kjem deg til målet. Kartet kan brukast i ein nettlesar på enten PC, nettbrett eller mobiltelefon.
Kommuner som har valt å bli med i løysinga, gir i tillegg tilgang til ekstra kartinformasjon i kommunen, som reguleringsplanar, eigedomsinformasjon og godkjente bygg/tiltak.
Du kan slå opp ekstra informasjon på stader du er interessert i, og få tilgang til eigedomsregister, vedtak, reguleringsbestemmelsar og annan informasjon frå kommunen.
Når du zoomar deg inn i løysinga, vil du – under eit visst zoomnivå – få vist kva for ein kommune du er i.
Hvis du venstreklikkar eller pressar på et punkt i kartet, får opp eit panel med detaljinfo på høgre side. Frå denne kan du starte ruteplanlegger.