Velferdsteknologi - smarte løysingar for eit godt og sjølvstendig liv

Kva er eigentleg velferdsteknologi?

Velferdsteknologi er namnet vi brukar på teknologi som skal gjere det enklare og tryggare for oss å klare oss sjølve i kvardagen, trass i sjukdom eller andre fysiske eller psykiske utfordringar. Velferdsteknologi er eitt av mange tilbod som helse- og velferdstenesta i kommunen gir til innbyggarar i alle aldersgrupper.

Målet med å ta i bruk velferdsteknologi er at du skal kjenne deg trygg, klare deg sjølv og bu lengre heime.

Kva kan du søkje om?

  • Tryggleiksalarm tilknytt responssenter
  • Røykvarslar tilknytt responssenter
  • Ulike sensorar knytt til tryggleiksalarmen, til dømes trekksnor på vegg eller dørensor
  • Tryggleiksalarm med GPS-lokaliseringsteknologi, til deg som har begynnande kognitiv svikt/demenssjukdom. Du kan utløyse alarmen sjølv, eller alarmen kan gå når du beveger deg ut av eit førehandsdefinert område
  • Elektronisk medisindispenser som gir beskjed når du skal ta medisinen din og sender varsel om du har gløymt å ta han

Tilbodet er til deg som

  • kjenner deg utrygg i heimen
  • har nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne, til dømes nedsett hørsel eller syn
  • opplever kognitiv svikt
  • har hatt fall eller er redd for å falle

Slik søkjer du

Kva skjer vidare med søknaden?

Kva kostar tenesta?

Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.

Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden.

Kontakt

Ressursgruppa for velferdsteknologi
Os-sida: 928 88 035/975 94 885 Fusa-sida: 915 32 211