Søk etter sak

Søk etter sak

Treng du innsyn i gamle saker frå Fusa kommune eller Os kommune finn du innsynsløysinga her.

Du kan søke etter saker frå april 2010 og fram til i dag. Eldre arkivsaker er ikkje tilgjengelege elektronisk, men vi kan søke dei opp for deg.
Dersom du ønskjer å lese ei sak datert før april 2010, må du først søke om innsyn

Når kan du vente å få svar på søknaden din?

Som hovudregel er behandlingsfristen 3 veker for byggetiltak som er i tråd med regelverket, og 12 veker for meir omfattande saker. 

Vi reknar saksbehandlingstida frå vi mottar ein fullstendig søknad med all nødvendig dokumentasjon. Dersom det tar uforholdsmessig lang tid før du kan få svar i ei sak, vil vi gi deg informasjon om dette.

Når kan du vente svar på søknaden din?
Du søker om Du kan vente svar innan
Møte med saksbehandlar for å førebu søknad (førehandskonferanse) 2 veker
Igangsettingsløyve 3 veker
Mellombels bruksløyve 3 veker
Ferdigattest 3veker
Byggetiltak der alle vilkår er oppfylte og det ikkje er nødvendig med uttale eller samtykke frå ein annan myndigheit (til dømes Vegvesenet) 3veker
Rammeløyve 12 veker
Omfattande byggetiltak, med og utan dispensasjon frå reguleringsplan 12 veker