Deling av eigedom

 Du kan søke om å frådele ny eigedom frå eigedomen din/skilje ut ei tomt.

Dette får du

  • Du får oppretta ein ny, sjølvstendig eigedom med eige gards- og bruksnummer.
  • Du får oppmålt og koordinatfesta grensene til den nye eigedomen.
  • Den nye eigedomen blir tinglyst og registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
  • Du får tilsendt oppdatert matrikkelbrev.

Slik søker du

  1. Fyll ut søknadsskjemaa Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett  og Krav om matrikulering
  2.  Fyll ut nabovarsel og gjenpart av nabovarsel.  Naboane skal ha kopi av dei same vedlegga som du sender til kommunen.
  3. Legg ved situasjonskart som tydeleg viser kva søknaden gjeld. Kart finn du i vår kartbutikk.
  • I enkelte saker må du òg dokumentere rett til veg, vatn, avløp eller avkøyring.

I saker der du treng dispensasjon frå regelverket, må du søke om dispensasjon.

NB: Kartet må vere av ny dato og i målestokk 1:500 (1: 1000 for store tiltak), samt vere påført rutenett med koordinatar. Dersom kartet ikkje er i rett målestokk, vil søknaden bli returnert utan behandling.

Viktig informasjon før du søker

  • Dersom nokon har urådigheiter knytt til eigedomen, må du legge ved originalt samtykke til tiltaket frå den eller dei som har denne retten. Ein urådigheit inneber at den som har grunnboksheimel til eigedomen ikkje kan råde fritt over eigedomen, men må ha samtykke frå ein bestemt person for å kunne tinglyse.

Send søknaden til 

  • Bjørnafjorden kommune, pb. 24, 5649 Eikelandsosen. Du kan òg levere i Kommunetorget på Osøyro eller Kommunetunet i Eikelandsosen.

For å oppfylle Kartverket sitt krav til tinglysing, treng vi dei originale, signerte dokumenta. Skanna dokument tilsendt på e-post vil diverre ikkje bli godkjente.

Kva kostar det?

Sjå oversikt betalingssatsar, avgifter og gebyr for Bjørnafjorden kommune