Klarlegging av grenser

Du kan søke om klarlegging av eksisterande grenser for eigedom.

Klarlegging av grenser som ikkje tidlegare er koordinatfesta

  • Du får oppmålt og koordinatfesta eksisterande grenser.
  • Klarlagt grense blir registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
  • Du får tilsendt oppdatert matrikkelbrev.

Klarlegging av grense som frå før er koordinatfesta

  • Du får påvist grensepunkta du har søkt om.

Slik søker du 

  1. Fyll ut rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring 
  2. Legg ved situasjonskart som tydeleg viser kva søknaden gjeld. Kart finn du i vår kartbutikk.

NB: Kartet må vere av ny dato og i målestokk 1:500 (1:1000 for store tiltak), samt vere påført rutenett med koordinatar. Dersom kartet ikkje er i rett målestokk, vil søknaden bli returnert utan behandling.

Send søknaden til 

  • Bjørnafjorden kommune, pb. 24, 5649 Eikelandsosen. Du kan òg levere i Kommunetorget på Osøyro eller i Kommunetunet i Eikelandsosen.

For å oppfylle Kartverket sitt krav til tinglysing, treng vi dei originale, signerte dokumenta. Skanna dokument tilsendt på e-post vil diverre ikkje bli godkjente.

Kva kostar det?

Sjå oversikt betalingssatsar, avgifter og gebyr for Bjørnafjorden kommune.