Det er viktig å merke seg at fritak frå søknadsplikta ikkje er det samme som eit løyve. Når du gjer eit tiltak som er unntatt søknadsplikt, er du sjølv ansvarleg for at tiltaket følger dei reglane som gjeld i plan- og bygningslova, byggeteknisk forskrift, kommuneplan, reguleringsplan og kommunale vedtekter. Tiltaket må heller ikkje vere i strid med anna regelverk. Det vil seie at du i mange tilfelle ikkje har lov til å utføre tiltaket. Det er derfor viktig at du set seg inn i kva du lovleg kan oppføree på eigedommen din.
Ver særskilt merksam på at du ikkje bygger over byggegrense mot veg, over leidningar i grunnen, eller i strid med utnyttingsgraden på eigedommen din.
Det er ofte avgrensingar ved tomta som gjer at tiltak ikkje kan oppførast, eller at du må søke om dispensasjon. Eksempel på dette kan vere at du ikkje kan bygge garasje utan å søke fordi det er ei byggegrense mot vegen, eller at tomta di er maksimalt utnytta. Det er då ikkje høve til å bygge meir på tomta. Utnyttinga av tomta finn du i reguleringsplanen eller kommuneplanen.
Direktoratet for byggkvalitet har laga ein rettleiar som hjelper deg å finne ut om du kan bygge utan å søke.
Unntaka frå søknadsplikt følger av saksbehandlingsforskrifta, Sak10