Terrasse, balkong, altan og takterrasse
Altanen er ein ikkje-overbygd opphaldsplass på tak. Altanen kan òg vere understøtta av søyler eller stolpar. Slike uteområde på tak blir òg kalla takterrasse. Ettersom ordet terrasse kjem frå det latinske ordet for jord, terra, kan ein seie at utrykket er noko misvisande, men i daglegtalen blir takterrasse blir brukt i større grad en altan.
Balkongen kragar ut frå ein husfasade, utan understøtte frå bakken. Balkongen kan bærast av bjelkar som er utkraga fra golvet innanfor, eller av konsollar.
Terrassen ligg oftast på bakkeplan. Frå terrassen er det vanlegvis inngang til stova og trapp til nedanforliggande hage.
Verandaen er ein open eller overbygd opphaldsplass som tilbygg til hus. Taket på verandaen kan vere understøtta av stolpar. Frå verandaen kan du som regel gå rett inn i stuova eller gå ned trappa til hagen.
Kva som skil altan, balkong, terrasse og veranda opptar mange. Hos Språkrådet kan du lese meir om kvar orda kjem frå.