2025 Planprogram
- Formannskapet sender planprogram på høyring i september 2025. Samtidig opnar vi for konkrete arealinnspel.
- Kommunestyret vedtar planprogram i desember 2025.
2026 Planforslag
- Medverknadsfasen for arealinnspel held fram til 15. februar.
- Arbeid med kunnskapsgrunnlaget held fram våren 2026.
- Utvikle planløysingar / drøftingsutkast varen 2026.
- Formannskapet sender planforslag på høyring og offentleg ettersyn november 2026.
2027 Planbehandling
- Eventuelle dialogmøte med sektormynde januar 2027
- Tilarbeiding februar - mai 2027
- Kommunestyret godkjenner planen 2027
2025
I 2025 skal kommunen lage planprogram for kommuneplanens arealdel (KPA). Planprogrammet skal på seks vekers høyring før det skal vedtakast av kommunestyret i desember 2025. Planprogrammet skal vere ein plan for planprosessen. Planprogrammet vil også fastsette arealstrategiar som vil gi tydeleg retning for korleis vi skal bruke og verne areala i kommunen.
2026
I 2026 skal vi utarbeide sjølve planen. Då må vi behandle arealinnspel. Vi må gjere nødvendig konsekvensutgreiingar av nye arealinnspel som inneber bruk. Det kan også vere behov for å oppdatere utgreiingar for område som alt er sett av i gjeldande planar til bruk, dersom det er sterke nasjonale og regionale interesser for at områda bør vernast.
Planen skal på høyring hausten 2026.
2027
I 2027 skal vi behandle merknadar til planen. Det blir ikkje opna for nye arealinnspel då større endringar vil føre til at planen må på nye høyringar.
Dersom planen ikkje har motsegn frå sektormynde, kan den behandlast innan sommaren 2027. Om det er motsegn kan formannskapet tidleg be om meklingsmøte med sikte på å få planen vedtatt rett over sommaren 2027.
Når kan du kome med arealinnspel?
Samtidig som planprogrammet blir lagt ut til høyring hausten 2025, opnar kommunen også for arealinnspel. Alle innbyggjarar, grunneigarar og andre interessentar skal kunne kome med innspel fram til februar 2026. Kommunen vil i løpet av januar og februar 2026 jobbe aktivt med å få arealinnspel som er i tråd med planprogrammet.
Det vil også bli invitert til folkemøte og bransjetreff i heile perioden det er opna for arealinnspel.
Om kunnskapsgrunnlag for kommuneplanens arealdel
Vi i kommunen har alt starta med å vurdere kva kunnskapsgrunnlag vi har for å kunne utarbeide ein god nok arealdel til kommuneplan. Hausten 2025 vil starte med å utarbeida nye rapportar og utgreiingar vi treng for å kunne utarbeide ein ny arealdel til kommuneplanen. Dette arbeidet vil fortsette våren 2026.
Kunnskapsgrunnlag vil publiserast etter kvart som det blir klart.