Her kjem vi til å legge inn viktig kunnskapsgrunnlag for arealdelen til kommuneplanen etter kvart som det er klart.
Simen Soltvedt
Ønskjer du å vite meir om gjeldande arealbruk i kommunen, kan du bruke kommunekart. Her finn du informasjon om vedtatt arealføremål for eigedommen din, føresegner og omsynssoner.
Har du spørsmål? Her kan du bestille avtale med planavdelinga.
Vestland fylkeskommune har utarbeidd ein arealrekneskap for alle kommunane i Vestland. Du kan gå inn i arealrekneskapen, og velje Bjørnafjorden. Då vil du få ei oversikt over kor mykje areal vi totalt sett har sett av til dei ulike føremåla ein kan ha i ein kommuneplan. Dette arealrekneskapet skal oppdaterast når vi har eit nytt forslag til KPA.
Sist endra 29.04.2025 10:36