Kva skjer, og når skjer det?

Sommaren 2027 skal Bjørnafjorden kommunestyre godkjenne kommuneplanen sin arealdel (KPA). Saman med kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) vil KPA vere den nye kommunen sin samla kommuneplan. Tidslinja illustrerer prosessen fram til endeleg godkjenning i 2027. 

Simen Soltvedt

2022 Samfunnsdelen til kommuneplanen (KPS) vedtatt

2024 Kommunal planstrategi vedtatt

Våren 2025 begynner vi å lage strategisk planprogram for KPA

Sommaren 2025 Politisk verkstad

Hausten 2025 Planprogram ut på høyring

Vinteren 2025/26 Planprogram til kommunestyret

Våren 2026 behandlar vi arealinnspel

Hausten 2026 Planforslag på høyring

2027 Behandling av merknader

Sommaren 2027 Endeleg godkjenning av KPA

2022 Samfunnsdelen til kommuneplanen vedtatt

Kommunestyret vedtok Kommuneplanen samfunnsdel (KPS) for Bjørnafjorden kommune 2023–2035 med ambisiøse mål og strategiar. 

Kommuneplanen skal ha ein samfunnsdel og ein arealdel. Vår KPS omfattar det meste kommunen skal prioritere å jobbe med i heile perioden. 

KPS har mange arealmål og strategiar som må konkretiserast og komplimenterast i arealdelen til kommuneplanen (KPA). 

2024 Kommunal planstrategi vedtatt

Kommunestyret vedtok Kommunal planstrategi 2024–2028, som slår fast at samfunnsdelen til kommuneplanen (KPS) blir vidareført, og at kommunen skal utarbeide ein ny og samla arealdel til kommuneplanen i planstrategiperioden. 

Våren 2025 Lage strategisk planprogram

Formannskapet gav administrasjonen fullmakt til å utarbeide eit strategisk planprogram i sak som skal konkretisere og komplimentere arealmål og strategiar i KPS. Eit arbeidsdokument er utarbeida og lagt fram for formannskapet i sak 45/2025

 

Sommaren 2025 Planforum og politisk verkstad

3. juni skal arbeidsdokumentet for planprogrammet opp i regionalt planforum. 
Her kan du lese meir om regionalt planforum, møteplan og kven som deltar. 

12. juni skal kommunestyret og plan-, bygg- og miljøutvalet (PBM) ha ein politisk verkstad for å jobbe med strategisk planprogram. 

Hausten 2025 Planprogrammet skal ut på høyring. Folkemøte og bransjetreff.
  • Formannskapet skal behandle forslag til planprogram i september. 
  • Planprogrammet skal sendast på høyring i 6 veker. 
  • Kommunen opnar for arealinnspel. Dette vil bli annonsert samtidig med at planprogrammet blir lagt på høyring. 
  • Det blir invitert til folkemøte og bransjetreff ut over hausten. 
     
Vinteren 2025/2026 Planprogram opp i kommunestyret i desember. Ope for arealinnspel fram til februar.
  • Kommunestyret skal vedta planprogram i desember. 
  • Medverknadsfase for arealinnspel held fram til 15. februar. 
  • Det vil bli invitert til folkemøte, dialogmøte og administrasjonen vil ta aktivt kontakt med grunneigarar, forslagsstillarar og andre interessentar for å få gode arealinnspel. 
Våren 2026 Behandling av arealinnspel

No startar behandling av arealinnspel. Innspel som inneber utbygging må sannsynlegvis ha konsekvensutgreiing (KU) for verknadar for miljø og samfunn. Våren vil gå med til kunnskapsgrunnlag og utarbeiding av planforslag. 
Planforslag for enkelte område kan bli ferdig tidlegare enn andre. Formannskapet kan få utkast til behandling og kommunen kan legge det fram for regionalt planforum til diskusjon. 
 

Hausten 2026 Planforslag ut på høyring i november

Planforslag må ferdigstillast og kvalitetssikrast og skal sendast på høyring i november.  

Våren 2027 Behandling av merknader

No startar merknadsbehandlingar og tilarbeidingsfasen. Kommunen tar sikte på at det ikkje skal vere behov for større endringar. Formannskapet må tidleg be om meklingsmøte dersom det er kome motsegn til planforslaget. Eventuell mekling kan forseinke planen med nokre månadar, men tilarbeidingsfasen og førebuing for mekling kan skje parallelt i løpet av våren

Sommaren 2027 Arealdelen til kommuneplanen (KPA) skal opp til endeleg godkjenning i kommunestyret

No skal KPA leggast fram for kommunestyret for endeleg godkjenning. Det skal vere mogeleg å få dette til i juni dersom det ikkje er behov for mekling. 

Når kan du kome med arealinnspel? 

Samtidig som planprogrammet blir lagt ut til høyring hausten 2025, opnar kommunen også for arealinnspel. Alle innbyggjarar, grunneigarar og andre interessentar skal kunne kome med innspel fram til februar 2026. Kommunen vil i løpet av januar og februar 2026 jobbe aktivt med å få arealinnspel som er i tråd med planprogrammet. 
Det vil også bli invitert til folkemøte og bransjetreff i heile perioden det er opna for arealinnspel.

Om kunnskapsgrunnlag for kommuneplanens arealdel

Vi i kommunen har alt starta med å vurdere kva kunnskapsgrunnlag vi har for å kunne utarbeide ein god nok arealdel til kommuneplan. Hausten 2025 vil starte med å utarbeida nye rapportar og utgreiingar vi treng for å kunne utarbeide ein ny arealdel til kommuneplanen. Dette arbeidet vil fortsette våren 2026. 
Kunnskapsgrunnlag blir publisert etter kvart som det blir klart.