Når kan eg kome med innspel til planprogrammet?
Planprogrammet skal sendast på høyring i løpet av september 2025. Høyringsfasen for planprogrammet vil vere 6 veker. Deretter skal det vedtakast av kommunestyret i desember.
Alle blir invitert til å kome med innspel til planprogrammet. Særskilt er det ønskeleg med innspel på arealstrategiar, då desse vil bli førande for kva kommunen vil prioritere av arealinnspel.
Er du nysgjerrig på korleis planprogrammet for KPA blir sjåande ut? Her kan du sjå det foreløpige arbeidsdokumentet vårt.
Du kan lese meir om kva eit planprogram skal innehalde i kapittel 4 i lovkommentaren til plan- og bygningslova.
Når kan eg kome med arealinnspel?
Kommunen opnar for å ta imot arealinnspel samtidig med at planprogram for KPA blir sendt ut på høyring i september 2025. Foreløpig planlegg vi å ta imot arealinnspel fram til 15. februar 2026.
Når kan eg sende inn merknader til planforslaget?
Planforslag må ferdigstillast og kvalitetssikrast og skal sendast på høyring i november 2026.