Klarlegging av grenser som ikkje tidlegare er koordinatfesta
- Du får oppmålt og koordinatfesta eksisterande grenser.
- Klarlagt grense blir registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
- Du får tilsendt oppdatert matrikkelbrev.
Klarlegging av grense som frå før er koordinatfesta
- Du får påvist grensepunkta du har søkt om.
Slik søker du
- Fyll ut rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring
- Legg ved situasjonskart som tydeleg viser kva søknaden gjeld. Kart finn du i vår kartbutikk.
NB: Kartet må vere av ny dato og i målestokk 1:500 (1:1000 for store tiltak), samt vere påført rutenett med koordinatar. Dersom kartet ikkje er i rett målestokk, vil søknaden bli returnert utan behandling.
Send søknaden til
- Bjørnafjorden kommune, pb. 24, 5649 Eikelandsosen. Du kan òg levere i Kommunetorget på Osøyro eller i Kommunetunet i Eikelandsosen.
For å oppfylle Kartverket sitt krav til tinglysing, treng vi dei originale, signerte dokumenta. Skanna dokument tilsendt på e-post vil diverre ikkje bli godkjente.
Kva kostar det?
Sjå oversikt betalingssatsar, avgifter og gebyr for Bjørnafjorden kommune.