Seksjonering og reseksjonering
Du kan søke om å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar eller søke om endring av eksisterande seksjonar i ein bygning (reseksjonering).
Du kan også søke om oppmåling av uteareal slik at alle eller nokre av seksjonane får eksklusiv rett til uteareal.
Dette får du
- Bygningen blir delt opp i fleire eigarseksjonar, og eventuelt utearel fordelt mellom seksjonane.
- Den seksjonerte eigedomen blir tinglyst og registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
- Koordinatfesta grenser for eventuelt uteareal blir tinglyst og registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
- Du får tilsendt oppdatert matrikkelbrev..
Slik søker du
- Fyll ut søknadsskjema Søknad om seksjonering eller Søknad om reseksjonering. Legg ved alle nødvendige dokument som er lista opp under punkt 8 i søknaden.
- Ved seksjonering av uteareal må du òg fylle ut søknadsskjema for deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning.
Viktig informasjon før du søker
- Du må legge fram dokumentasjon på at bustadseksjonar oppfyller krava til å vere sjølvstendige bueiningar etter plan- og bygningslova. Som regel vil slik dokumentasjon gå fram av løyve etter plan- og bygningslova, men også opplysningar frå matrikkelen, tinglyste klausular eller anna dokument kan vere gjeldande.
- Les også rettleiaren til eigarseksjonslova.
Send søknaden til
- Bjørnafjorden kommune, pb. 24, 5649 Eikelandsosen. Du kan òg levere i Kommunetorget på Osøyro eller Kommunetunet i Eikelandsosen.
For å oppfylle Kartverket sitt krav til tinglysing, treng vi dei originale, signerte dokumenta. Skanna dokument tilsendt på e-post vil diverre ikkje bli godkjente.
Kva kostar det?
Sjå oversikt betalingssatsar, avgifter og gebyr for Bjørnafjorden kommune
Sist endra 11.03.2024 09:18