Tidleg førehandsstemming
Tidleg førehandsstemming skjer i Kommunetorget, Bjørnafjorden rådhus i tida 1. juli - 8. august.
Opningstider:
Veljarane tar kontakt med kommunen og ber om å få stemme.
I Kommunetorget si opningstid måndag, tysdag og torsdag klokka 10.00-14.00 kan ein stemme ved berre å møte opp.
Veljarane kan òg ta kontakt enten på e-post val@bjornefjorden.kommune.no eller telefon for å avtale andre tidspunkt innanfor normal arbeidstid kl. 8–15.30.
Tidleg førehandsstemming skjer før den ordinære førehandsstemminga og startar vanlegvis 1. juli
Her kan du førehandsstemme i Bjørnafjorden kommune:
Førehandsstemming til Stortings- og sametingsvalet startar 11. august, og vil vare fram til 5. september på følgande tider og stader i kommunen vår:
Vognhallen, Osøyro
11. august – 5. september 2025
Opningstider: måndag–fredag kl. 9–15
Torsdag 28. august, onsdag 3. og torsdag 4. september kl. 9–17
Laurdag 23. og 30. august kl.10–14
Kommunetunet, Eikelandsosen
11. – 22. august 2025.
Opningstider: tysdag, onsdag og torsdag 10–15
25. august – 5.september 2025
Opningstider: måndag–fredag kl. 9–15
Torsdag 28. august, onsdag 3. og torsdag 4. september kl. 9–17
Laurdag 23. og 30. august kl.10–14
Sametingsvalet
Dei som står i Sametingets valmanntal og er busett i Bjørnafjorden kommune må førehandsstemme, då det er mindre enn 30 som er manntalsførte i kommunen.
Hugs å ta med deg legitimasjon når du skal stemme.
Bjørnafjorden valstyre har vedtatt at det blir ambulerande stemmegiving følgjande tider og stader:
- Kysthospitalet
Måndag 25. august klokka 10.00-11.00
- Ravneberghaugen
Måndag 25. august klokka 13.00-14.30
- Luranetunet
Tysdag 26. august klokka 10.00-13.00
- Baldersheim helsetun
Onsdag 27. august klokka 11.00-16.00
- Fusa bu- og behandlingssenter
Torsdag 28. august klokka 11.00-13.30
- Holmefjord (ved butikken)
Torsdag 28. august klokka 16.00-18.00
- Eikhovdaheimen
Fredag 29. august klokka 10.00-11.30
- Strandvik (ved butikken)
Fredag 29. august klokka 14.00-16.00
Veljarar som ikkje er i stand til å ta seg fram til eit vallokale, har krav på å få stemme heimefrå.
Frist for å søke om heimestemming er torsdag 4. september klokka 12.00.
Kontakt Bjørnafjorden kommune på