Er du trenar, lagleiar eller anna i eit idrettslag? Sjå her!

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune

18. og 25. oktober blir det temakveldar for trenarar, lagleiarar, oppmenn/kvinner og dei som har andre roller i idrettslaga i Bjørnafjorden.

Innleiarane tar for seg viktige tema for deg som jobbar med ungdom og idrett: 

Kosthald/kroppspress og doping v/ Antidoping Norge
Rollemodellar/fysisk aktivitet og relasjonar v/ Tim Herland frå Crossfit Øyro
Rus/ festkultur og haldningar lokalt v/ ruskonsulent Carl-André Dahl og Christian Lund frå ungdomsteamet

Det blir to like temakveldar:
18.10.23 kl. 18.30-20 på Borgafjellet barneskule på Os
25.10.23 kl. 18.30-20 på Fusa Ungdomsskule i Eikelandsosen

Temakveldane er eit samarbeid mellom Bjørnafjorden kommune, idrettsrådet og fleire klubbar

NB! Påmeldingfristen er utvida til måndag 16.oktober kl. 14.

Meld deg på her