Manglar huset ditt ferdigattest? Då får du snart eit brev frå oss

Fuglehus - Klikk for stort bileteAlle nye bustader og fritidsbustader må ha ferdigattest eller mellombels bruksløyve før du kan flytte inn. Harmen Jelle van Mourik

Når du bygger hus eller hytte, er det eit lovkrav å ha ferdigattest eller mellombels bruksløyve på plass før du kan ta bygget i bruk.
Av ulike årsaker, er det faktisk ein god del bustader og fritidsbustader i Bjørnafjorden kommune som ikkje har ferdigattest, men som likevel er godt brukte.

Dette skal det no bli ein slutt på.

- I løpet av nyåret vil vi kontakte aktuelle huseigarar som manglar ferdigattest eller bruksløyve. Dette gjeld bustader som er frå 1998 eller seinare.

Dersom du veit at dette gjeld deg, treng du ikkje vente på brevet frå oss. Send søknad om ferdigattest så snart som mogleg, så slepp du vidare oppfølging av saka og eventuelle bøter, oppmodar leiar av byggesaksavdelinga, Idar Landro.  

Kva er ferdigattest/mellombels bruksløyve?

Ein ferdigattest markerer slutten på kommunen si involvering ei byggesak og er eit bevis på at bygget er oppført i samsvar med løyvet/løyva som er gitt. Eit mellombels bruksløyve gir rett til å ta bygget i bruk, sjølv om ikkje alle vilkår i løyva er oppfylte.
Alle bustadar/fritidsbustadar ha ferdigattest/mellombels bruksløyve for å bli tatt i bruk, jamfør plan- og bygningslova §21-10 og byggesaksforskrifta kapittel 8-1.

Dette må du gjere:

Send søknad om ferdigattest/bruksløyve så snart som mogleg.
Skriv ut, fyll inn og send til Bjørnafjorden kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Merk:

  • Dersom det var ansvarleg søkjar som søkte om byggeløyve, er det dette føretaket som òg må sende søknad om ferdigattest/mellombels bruksløyve. Dersom føretaket ikkje lengre eksisterer, må du engasjere eit nytt føretak som ansvarleg søkjar.
  • Dersom løyvet til tiltaket set vilkår for godkjenning, må søknaden innehalde dokumentasjon på at vilkåra er innfridde, jf. plan- og bygningslova §21-10 og byggesaksforskrifta kapittel 8.

Kva skjer om du ikkje sender søknad innan fristen?

Ferdigattest eller bruksløyve er eit lovkrav for at du skal kunne bruke bustaden eller fritidsbustaden. Utan dette på plass, er det faktisk ikkje lovleg å bruke bygget.
Det betyr at du risikerer bøter eller andre reaksjonar i samsvar med plan- og bygningslova kapittel 32.

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt på andu@bjornafjorden.kommune.no eller telefon 908 62 419 (måndag og tysdag, kl. 9-14).
Det er fint om du viser til saksnummeret eller gards- og bruksnummeret, slik at vi kan hjelpe deg meir effektivt.

Kontakt

Ann Helen Bjelle
Konsulent
Telefon: 90862419
Mobil: 90862419