Er du pårørande til nokon med demens?

Kelly Sikkema/Unsplash Velkommen til pårørandeskule i Bjørnafjorden kommune i november.

Kva er pårørandeskulen?

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom. Personen med demens kan bu i eigen heim eller på institusjon. Gjennom fagleg påfyll, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens, og innsikt i kva følgjer sjukdomen kan gi for personen med demens, deg som pårørande og øvrig familie. Du møter andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Målet for pårørandeskulen er å:

  • gi pårørande auka kunnskap om demenssjudommar og innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens.
  • bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettar, lovar og korleis gå fram for å få kontakt med hjelpeapparatet.
  • tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon.

På pårørandeskulen skal vi kunne vere opne i trygge omgjevnader. Fortrulege opplysningar som kjem fram, skal bli mellom deltakarane

Tid og stad

Kantina på Luranetunet bu- og behandlingssenter, Solstrandvegen 39, 5200 Os Sjå kart.

Vi møtest til èi dagsamling og to kveldssamlingar.

Torsdag 4. november, kl. 9-15
Måndag 15. november, kl. 17.30-20.30
Måndag 22. november, kl. 17.30-20.30

Program

Torsdag 4. november, kl. 9-15
Tema: Musikk for livet – bygg ressursar i eldreomsorga ved Audun Myskja. 

Audun Myskja er overlege og spesialist i allmennmedisin. Audun Myskja er overlege og spesialist i allmennmedisin med doktorgrad i musikk for eldre med demens og andre sjukdommar. Myskja har i mange år jobba for å få musikk, sang og bevegelse integrert i helsevesenet, og med korleis du og dine kan bygge helse i et langtidsperspektiv.

Måndag 15. november, kl. 17.30-20.30
Tema: Demens og rettigheiter ved demensomsorga i Bjørnafjorden kommune.

Måndag 22. november, kl. 17.30-20.30
Tema: Rettleiing og støtte til pårørande ved demensomsorga i Bjørnafjorden kommune.

Lær meir om:

  • Kva er demens?
  • Kva kan helsevesenet gjere?
  • Kva kan dei nærmaste gjere?
  • Sang, musikk og dans – støtte i demensomsorg
  • Hindre funksjonstap - eit grunnkurs
  • Ta vare på deg sjølv – hjelp til tilsette og pårørande
  • Eit samfunn for alle: Skape demensvennlege miljø
  • Å førebygge demens: Ny viten for alle

Velkommen til foredrag, dialog, refleksjon og enkel servering.

Arrangør

Demenskoordinator og ressursperson i Bjørnafjorden kommune, i samarbeid med Bjørnafjorden demensforening.

Pris

Kursavgift kr 200,- inkludert lunsj og frukt per deltakar/familie. Betal til kontonummer: 3530.33.14537.

Slik melder du deg på

Påmeldingsfrist 25. oktober 2021.
Send påmelding

Du kan òg melde deg på per post til demenskoordinator Sølvi Fagertveit, Bjørnafjorden kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.
Vel møtt!

Kontakt

Sølvi Bjørnevoll Fagertveit
Fagleder
Mobil: 974 77 031
Til toppen