Politiske utval 2023-2027

Her ser du ei oversikt over alle utval i kommunen, og kvart enkelt utval sine oppgåver.
Trykk på eit utval for å sjå møteplan, kva for saker utvalet har til behandling og medlemmar i utvalet.

For komplett oversikt over utvala sine ansvarsområde, sjå Bjørnafjorden kommune sitt delegeringsreglement

Bjørnafjorden kommunestyre

  • Kommunen sitt øvste styrande organ.
  • Behandlar saker som først har vore innom kommunedirektør, ordførar og/eller dei ulike politiske utvala og gjer vedtak på kommunen sine vegner.
  • Kommunestyret skal behandle saker dersom ein lovregel gir særlig grunn til å hevde at kommunestyret bør avgjere saken eller saken sin art tilseier at kommunestyret sjølv bør avgjere den. Kommunestyret skal avgjere saker som har eit klart overordna styringsformål, mellom anna: 
  1. Kommunen sin politiske organisering og reglement for faste utval
  2. Vedtekter, forskrifter og overordnede retningslinjer
  3. Prioriteringar av større budsjettmessige og overordna betydning
  4. Fastsetja arbeids- og ansvarsskillene mellom politisk og administrativt nivå, herunder utarbeide / justere reglement og føringar for utøvelse av delegert mynde
  5. Vedtak om kommunale budsjett, avgifter, og prinsipper for fastsettelse av leiesatser, eigenandeler, brukarbetaling, gebyrer som ikkje er fastlagt i lover og forskrifter m.v.
  6. Saker om konsesjonar eller avtalar om leveransar, betydelege bruksrettar eller særlege råderettar som anten bind kommunen for meir enn 5 år eller har mykje å seia for kommunen sin økonomi. kr 10 000 000,- eller lågare er delegert formannskapet
  7. Saker om å kjøpa, avhenda, makeskifta eller pantsetja fast eigedom, og saker om å gje frå seg eller hefta bort rettar i fast eigedom på meir enn 10 millionar.  Prinsipelt avklare sal av eigedom over 4 mål. (kr 10 000 000,- eller lågare er delegert til Eigedomsutvalet.

Sjå kven som sit i utvalet (bla litt nedover på sida)

Bjørnafjorden formannskap

  • Heilskapsplanlegging (kommuneplan) og andre større planar som går på tvers av fleire sektorar
  • Politiske leiings- og samordningsoppgåver
  • Leier arbeidet med økonomiplanen og legg fram forslag til økonomiplan og årsbudsjett
  • Overordna personalpolitikk og organisasjonsutvikling
  • Kjøp og sal av kommunale tomter og eigedomar
  • Andre prinsipielle saker som ikkje er lagt til andre utval og saker etter tilvising frå ordføraren
  • Valstyre for kommune-, fylkes- og stortingsval
  • Ekspropriasjon/oreigning.
  • Vedtak i samband med sals- og skjenkeløyver
  • Har opgåva som klagenemnd i Bjørnafjorden kommune

Sjå kven som sit i utvalet (bla litt nedover på sida)

Plan-, bygg- og miljøutvalet

  • Behandlar arealsaker etter plan- og bygningslov, jordlov og relaterte lover
  • Rapporterer til kommunestyret

Sjå kven som sit i utvalet (bla litt nedover på sida)

Tenesteutvalet

  • Utvalet driv med utvikling og oppfølging av tenestene kommunen tilbyr og rapporterer til kommunestyret. 
  • Tenesteutvalet har mynde til å treffe avgjerd innanfor sektor helse og velferd og sektor oppvekst. I saker med økonomiske konsekvensar innstiller tenesteutvalet til formannskapet.

Sjå kven som sit i utvalet (bla litt nedover på sida)

Administrasjonsutvalet

  • Behandlar saker som gjeld det overordna forholdet mellom kommunen og tilsette i kommunen, til dømes lønn, arbeidsmiljø og sjukefråvær.
  • Utviklingstiltak, oppfølging og implementering av nasjonale reformer.

Sjå kven som sit i utvalet (bla litt nedover på sida)

Kontrollutvalet

  • Kontroll og tilsyn med alle område i kommunen. Hovudføremålet er å sikre at innbyggarane har tillit til at kommunen løyser oppgåvene sine på best mogleg måte og i samsvar med gjeldande lover og reglar.

Sjå kven som sit i utvalet (bla litt nedover på sida)

Eigedomsutvalet

  • Behandlar kommunens kjøp og sal av eigedom.
  • Er arbeidsutval for formannskapet og blir vald blant formannskapet sine medlemmer.

Sjå kven som sit i utvalet (bla litt nedover på sida)

Bjørnafjorden eldreråd

  • Eldrerådet er eit rådgjevande organ som skal ha til behandling alle saker som gjeld levekår for eldre i kommunen, jf forskrift om medvirkingsordninger § 2. 
  • Rådet blir sett saman av dei ulike pensjonistorganisasjonene i kommunen, og med tre medlemmer valde av kommunestyret.
  • Skal sikre at eldre innbyggarar sitt syn i saker som vedkjem dei, blir tatt med når avgjerder skal fattast.

Sjå kven som sit i rådet (bla litt nedover på sida)

Bjørnafjorden ungdomsråd

Sjå kven som sit i rådet (bla litt nedover på sida)

Råd for menneske med med nedsett funksjonsevne

  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne er eit rådgivende organ som skal ha til behandling alle saker som gjeld levekår for menneske med nedsett funksjonsevne i kommunen, jf forskrift om medvirkingsordningar § 2.
  • Skal sikre at innbyggarar med nedsett funksjonsevne sitt syn i saker som vedkjem dei, blir tatt med når avgjerder skal fattast.

Sjå kven som sit i rådet (bla litt nedover på sida)

Bjørnafjorden valstyre 

  • Ansvar for førebuing og gjennomføring av kommune-, fylkestings- og stortingsval
  • Formannskapet er valstyre i Bjørnafjorden kommune

Sjå kven som sit i utvalet (bla litt nedover på sida)

Ombodsutvalet

  • Utvalet skal minst ein gong i løpet av valperioden legga fram revidert forslag til reglement for politisk nivå, politisk organisering, politisk delegering og forskrift om godtgjering og utgiftsdekning for folkevalde.
  • Desse sit i ombodsutvalet:
    Leiar: Gustav Bahus, Frp |  41 55 21 00 | bausen@online.no
    Nestleiar: Kristin Søfteland-Larsson, H | 40 87 86 00 | kristin.softeland.larsson@gmail.com
    Medlemmer: Anastasija Ravn Vasiljeva, Uavh.,  | 46 96 37 34 | anaravn@outook.com 
    Craig Russell Lundervik Bøthun, SV | 92 84 12 78 | bothun@gmail.com
    Kristine Hjartnes, Frp | 97 01 99 17 | krihja@bjornafjorden.kommune.no

 

Klagenemnd

  • Formannskapet er klagenemnd i Bjørnafjorden kommune

Artikkelliste