Barnehageopptak i Bjørnafjorden kommune - søknadsfrist og framdrift

Søknadsfristen for barnehageplass i Bjørnafjorden kommune er 1. mars.

Sjå fristar og framdrift for barnehageopptaket 2024

Hovudopptaket går føre seg i tre rundar. Søkarar får tilbod om plass etter kvar runde.
Alle som har søkt innan fristen, skal ha fått tilbod om plass eller informasjon om når dei eventuelt har rett på barnehageplass innan 31. mai 2024.

Søknader som kjem utanom hovudopptaket, blir innvilga så langt det er mogleg. Dersom det blir ledige plassar i løpet av eit barnehageår, skal desse plassane tildelast barn som står på prioritert venteliste, og barn som har søkt plass utanom opptaka.

Søknad skal sendast elektronisk. Du finn snarveg til søknadsskjema og informasjon om korleis du søkjer på sida "Søka, endra, byta, seia opp barnehageplass".

Informasjon om tilbod, opningstider og ferie finn du i vedtektene til den enkelte barnehage. Sjå oversikt over barnehagane i Bjørnafjorden kommune.

Her kan du sjå Vedtekter for samordna opptak i kommunale og private barnehagar i Bjørnafjorden kommune.   (PDF, 195 kB)