Politiske utval 2023-2027Her ser du ei oversikt over alle utval i kommunen, og kvart enkelt utval sine oppgåver.Trykk på eit utval for å sjå møteplan, kva for saker utvalet har til behandling og medlemmar i utvalet.Bjørnafjorden kommunestyreKommunen sitt øvste styrande organ.Behandlar saker som først har vore innom kommunedirektør, ordførar og/eller dei ulike politiske utvala og gjer vedtak på kommunen sine vegner.Bjørnafjorden formannskapHeilskapsplanlegging (kommuneplan) og andre større planar som går på tvers av fleire sektorar.Politiske leiings- og samordningsoppgåver.Leier arbeidet med økonomiplanen og legg fram forslag til økonomiplan og årsbudsjett.Overordna personalpolitikk og organisasjonsutvikling.Kjøp og sal av kommunale tomter og eigedomarAndre prinsipielle saker som ikkje er lagt til andre utval og saker etter tilvising frå ordførarenValstyre for kommune-, fylkes- og stortingsval.Ekspropriasjon/oreigning.Vedtak i samband med sals- og skjenkeløyver.Plan-, bygg- og miljøutvaletBehandlar arealsaker etter plan- og bygningslov, jordlov og relaterte lover.Ansvarleg for arealdelen til kommuneplanen og rammeplanar for infrastruktur i samband med areal: avløp, vatn, energi, trafikksikring.Rapporterer til kommunestyret.TenesteutvaletUtvalet driv med utvikling og oppfølging av tenestene kommunen tilbyr og rapporterer til kommunestyret. Det blei nedlagd etter vedtak i kommunestyret 17.06.2021 og var i verksemd ut året 2021. Utvalet kjem i verksemd igjen i 2024.AdministrasjonsutvaletBehandlar saker som gjeld det overordna forholdet mellom kommunen og tilsette i kommunen, til dømes lønn, arbeidsmiljø og sjukefråvær.Utviklingstiltak, oppfølging og implementering av nasjonale reformer.KontrollutvaletKontroll og tilsyn med alle område i kommunen. Hovudføremålet er å sikre at innbyggarane har tillit til at kommunen løyser oppgåvene sine på best mogleg måte og i samsvar med gjeldande lover og reglar.EigedomsutvaletBehandlar kommunens kjøp og sal av eigedom.Bjørnafjorden eldrerådSkal sikre at eldre innbyggarar sitt syn i saker som vedkjem dei, blir tatt med når avgjerder skal fattast.Bjørnafjorden ungdomsrådSkal sikre at ungdom sitt syn i saker som vedkjem dei, blir tatt med når avgjerder skal fattast.Sjå vedtekter for Bjørnafjorden ungdomsråd (PDF, 151 kB)Sjå handlingsplan for Bjørnafjorden ungdomsråd (PDF, 80 kB)Råd for menneske med med nedsett funksjonsevneSkal sikre at innbyggarar med nedsett funksjonsevne sitt syn i saker som vedkjem dei, blir tatt med når avgjerder skal fattast.Bjørnafjorden valstyre Ansvar for førebuing og gjennomføring av kommune-, fylkestings- og stortingsval.Formannskapet er valstyre i Bjørnafjorden kommune.OmbodsutvaletUtvalet skal minst ein gong i valperioden førebu rullering av og fremja forslag til eventuelle endringar og tillegg i dei ulike reglementa for politiske utval i Bjørnafjorden kommune. KlagenemndHar mandat til å avgjere klagesaker som gjeld enkeltvedtak (Gjeld ikkje vedtak som er gjort etter særlov, eller der det er fastsett i særlov at kommunestyret er klageinstans). Sist endra 10.11.2023 08:16
Kontrollutvalet Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmar og minimum eit av desse må vera medlem av kommunestyret. Leiar i utvalet ...