Dette undervisningstilbodet rettar seg mot barn og unge som ønskjer å lære musikkproduksjon ved hjelp av datamaskin og nettbrett, med fokus på opptak av lyd med mikrofonar og digital komponering og arrangering.
Kven kan søkje?
Tilbodet er for elevar frå 5. klasse og oppover. Undervisninga skjer i grupper på 60 minutt per veke.
Elevane får undervisning i digitale verktøy for lydopptak, miksing, komponering og arrangering. Programvare som Pro Tools, Logic, Ableton Live, Garageband og Soundtrap blir brukte i undervisninga, men elevar kan også ta med andre typar programvare på eigen laptop/nettbrett.
Elevar må ha bærbar pc/mac eller nettbrett med valfri programvare for opptak og digital komponering. Det er ein fordel med noko forkunnskap på eit instrument, men det er ingen føresetnad. Faglærar gir gode råd ved eventuelt innkjøp av utstyr.
Dersom det er nok søkjarar, er tilbodet aktuelt i både Eikelandsosen og på Os.
Lærar
Tommy Haltbakk
Prisar og praktisk informasjon.
Slik søkjer du om plass
Søk på elektronisk søknadsskjema