KreftkoordinatorKreftkoordinatoren er ein «medvandrar» for deg som har kreft og dine pårørande, frå diagnose gjennom behandling, rehabilitering, og omsorg ved livets slutt. Kreftkoordinatoren er òg ein kontakt i kommunen for deg som lever med biverknader etter kreftsjukdom og -behandling. Kven er tilbodet til? Deg som nett har fått ein kreftdiagnose Deg som ventar på behandling Deg som er under behandling på sjukehus Deg som har seinverknadar etter kreftbehandling Deg som er frisk etter behandling, men har spørsmål om rehabilitering Pårørande til personar som har kreft Samarbeidspartnarar i kommunen og spesialisthelsetenesta Du har gjerne tankar om behandlinga og korleis du kan komme gjennom på best mogleg måte. Etter behandling skal livet gå videre, anten du er kreftfri eller må lære deg å leve med kreften. Mange opplever at det ikkje er berre enkelt å halde fram som før ein fekk kreft. Kreftkoordinatoren tilbyr Råd og rettleiing i samtale med deg ut ifrå dine behov Treffpunkt - eit gruppetilbod for barn som er pårørande (6-16 år) Livslyst-kurs og meistringstreff for kreftpasientar og pårørande Oversikt over gode kurs for deg og dine pårørande, både i og utanfor kommunen Oversikt over rehabiliteringstilbod i nærleiken, mellom anna Ravneberghaugen rehabiliteringssenter og Montebellosenteret i Lillehammer Oversikt over pasient- og likepersonsorganisasjonane tilslutta Kreftforeningen Treningstilbod, i samarbeid med Friskliv og meistring og Kreftteamet Kreftkoordinatoren i Bjørnafjorden kommune er utdanna kreftsjukepleier og har brei erfaring innan fagfeltet. De kan avtale å møtast på kreftkoordinator sitt kontor eller heime hos deg. Slik tar du kontakt Du treng ingen søknad eller tilvising. Du kan sjølv ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Dine nærmaste kan òg ta direkte kontakt. Kva kostar tenesta? Tenesta er gratis. Sjå også: Kreftforeningens pårørendehjelp Kreftforeningens veivisere: Ein samtalepartner og rettleiar Sist endra 09.06.2023 01:51