Informasjon om Bjørnafjorden kulturskule

Bjørnafjorden kulturskule er ein kreativ og inkluderande læringsarena for barn og unge frå 0 år og oppover. Administrasjonen til kulturskulen held til i Oseana kunst- og kultursenter, men undervisninga finn også stad rundt om i kommunen på skular og i kulturbygg, både på Os- og Fusa-sida.

I kulturskulen kan barn og unge få undervisning på ei lang rekke instrument, song, kor, visuelle kunstfag, musikkteknologi, kulturkarusell og dans/drama. For dei yngste elevane har vi musikk frå første stund og musikkleik.

Bjørnafjorden kulturskule ønskjer å vera ei bru mellom skule og kulturliv, og eit ressurssenter for heile kommunen. Kulturskulen samarbeider med skular, helsestasjon og kulturlivet elles.

Prisar per semester

Det er ulike prisar for dei ulike tilboda våre samt instrumentleige. Prisane blir vedtatt av kommunestyret i desember kvart år. 

Sjå prisliste for tenestene i kommunen

Det blir sendt ut faktura for skulepengar to gongar per skuleår, september/oktober for hausthalvåret, og mars/april for vårhalvåret.

Instrument, lærebøker, notar og anna utstyr

  • Eleven betaler sjølv for notar og anna undervisningsmateriell. Oftast bestiller kulturskulen inn materiell, og fakturerer for dette saman med elevbetalinga.
  • Det er mogleg å leige enkelte instrument gjennom kulturskulen. Dersom instrumentet blir skadd ved aktløyse, må eleven betale reparasjon eller innkjøp av nytt instrument.
  • Elevar som får undervisning i piano, keyboard og gitar, må ha tilgang til desse instrumenta heime.

Søknadsfrist

  • 1. april. Eksisterande elevar må registrere seg på nytt før kvart skuleår. 

Sjukdom og fråvær

  • Kulturskulen prøver å sette inn vikar dersom ein lærar blir sjuk. Om undervisninga må avlysast vil kulturskulen sende melding til eleven sine registrerte telefonnummer. Dersom undervisninga blir avlyst meir enn to gonger i løpet av eit semester vil faktura bli kreditert for alt over to gonger.
  • Dersom eleven ikkje kan møte til timen, må føresette/elev melde frå til lærar. Kontaktinformasjon til lærar finn ein i Speedadmin. Timar eleven ikkje møter opp til, blir ikkje erstatta.
  • Elevar med mykje fråvær vil bli oppmoda om å gje frå seg plassen til andre før neste semester tek til.

Permisjon

Elevar kan få permisjon frå kulturskulen i inntil eitt år. Dei må då re-registrerast på ventelista innan 1. april dersom dei ønskjer å halde fram påfølgjande skuleår. Det er også mogeleg å søkje permisjon for eit semester. Ved permisjon for haustsemesteret må det meldast frå skriftleg til rektor seinast 1. desember dersom eleven ønskjer å halde fram frå januar. Eleven vil då bli prioritert dersom det er ledig plass hos lærar, men kan ikkje garanterast same undervisningstid som før permisjon. Ved permisjon for vårsemesteret gjeld re-registreringsdatoen 1. april. 

Oppseiing

Oppseiing av plass må skje skriftleg til rektor. Dersom ein seier opp plassen innan 1. oktober for haustsemesteret eller 1. mars for vårsemesteret, blir ein berre fakturert for timane fram til oppseiing. Om ein melder frå etter fristen må ein betale for heile semesteret ein er inne i.

Venteliste

Dei som ikkje får plass blir registrert på venteliste. Dersom det er stor pågang til eitt fag blir søkjarane prioriterte etter følgjande kriterier:

  • Talet på semester søkjaren har vore elev i kulturskulen
  • Dato for første søknad til kulturskulen
  • Søkjar sin alder, bustad og timeplan

Dersom to eller fleire elevar stiller likt etter dette, blir det loddtrekking. Alle som står på venteliste må registrere seg på nytt innan 1. april kvart år.

Slik søkjer du

Søk om plass i Bjørnafjorden kulturskule (elektronisk søknad)

Kontakt

Christian Pettersen Breistein
Leder
Telefon: 56575248
Mobil: 97777341
Turid Moberg Kirkbride
Musikk/kultursk.lære
Mobil: 56575248