Kor i kulturskulen er eit tilbod til barn og unge frå 2. klasse og oppover.
Slik skjer undervisninga
Elevane blir organiserte i grupper etter alder, og kulturskulen gjev for tida tilbod om kor for småtrinnet, og vokalgruppe for mellomtrinnet og oppover.
Organiseringa kan variere litt frå år til år, avhengig av korleis elevgruppa er samansett.
Vi jobbar med stemmebruk, pusteteknikk, rytmikk, intonasjon, rørsle, drama og leik innanfor eit variert repertoar.
Gruppene øver ein gong i veka, og det hender at det kjem ei helgeøving i tillegg, gjerne knytt opp mot ein større konsert.
I løpet av skuleåret blir det fleire høve til å opptre. I tillegg til å vera med på kulturskulen sine eigne konsertar, har kora samarbeid med andre institusjonar og det frivillige kulturlivet i kommunen.
Lærar
Turid M Kirkbride og Jon Søfteland Sæbø
Stad/tid
Barnekor (2.-4. klasse) Kobbavågen/Oseana tysdagar kl 18.00-19.00
Vokalgruppe (5.-7. klasse) Kobbavågen/Oseana måndagar kl 18.00-19.00
Prisar og praktisk informasjon.
Slik søkjer du om plass
Søk på elektronisk søknadsskjema