Individuelt tilrettelagd opplæring skule

Nasjonalt og lokalt er det fokus på å sikre eit inkluderande og godt tilpassa ordinært opplæringstilbod som tar i vare mangfaldet av barn med deira styrkar og utfordringar. 

Det som tidlegare heitte spesialundervising, er no del inn i § 11-4 personleg assistanse, §11-5 fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel og § 11-6 individuelt tilrettelagd opplæring. Elevar i grunnskulen (1.-10. trinn) har rett til individuelt tilrettelagd opplæring etter dersom dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa, og det er berre §11-6 som krev sakkunnig vurdering frå PPT før skulen kan fatte enkeltvedtak.

PPT har to hovudoppgåver

Opplæringslova §11-13 skisserer eit todelt mandat for PPT som må sjåast i samanheng:  
•    støtte skulane i arbeidet med kompetanseheving og organisasjonsutvikling, tilrettelegging i det ordinære opplæringstilbodet og setje inn tiltak så tidleg som mogleg der det trengst
•    utarbeide sakkunnige vurderingar der lova krev det

Føresette kan ta kontakt

Dersom føresette lurar på om barnet treng individuell tilrettelegging, tar dei først kontakt med skulen for å drøfte bekymringane sine. Det er skulen som skal vurdere om eleven har tilfredsstillande utbyte av opplæringa, og dei skal prøve ut tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet, med sikte på å gi eleven tilfredsstillande utbyte (jf §§11-2 og 11-3). Så lenge føresette har gitt samtykke, kan skulen søke råd og rettleiing frå PPT i bekymringsfasen. 

Alle skular har sin faste kontaktperson i PPT, og det er jamlege besøksdagar til samarbeid på den enkelte skule. Agenda på besøksdagar kan til dømes vere observasjonar, tverrfaglege drøftingar i ressursteam, hjelp til utarbeiding av tiltaksplanar, samla møte med føresette og andre involverte, kurs og kompetanseheving med meir.

Kva skjer vidare?

Dersom ein etter målretta og dokumenterte tiltak i bekymringsfasen kjem til at eit barn truleg har behov for individuelt tilrettelagd opplæring, kan det bli aktuelt med tilvising til PPT for sakkunnig vurdering. Dersom eleven til dømes må følge kompetansemål for lågare årstrinn, eller det er nødvendig med opplæring på alternativ opplæringsarena for å få tilfredsstillande utbyte, trengst det sakkunnig vurdering.

Føresette kan alltid ta direkte kontakt med PPT dersom dei har spørsmål. PPT arbeider ikkje i enkeltsaker utan at skulen har henta samtykke frå føresette. Systemstøtte til skulen på klassenivå krev ikkje samtykke frå den enkelte.

PPT i Bjørnafjorden kommune

Pedagogisk-psykologisk teneste er ein del av "Familiens hus" i Bjørnafjorden kommune. Familiens hus er ikkje eit faktisk, fysisk hus. Det er ein måte å organisere tenester til barn, unge og familiar på.

PPT høyrer heime i eininga Barn, unge og familiar, ein av tre einingar i Familiens hus. 

Slik når du PPT på telefon 
Ring Familiens hus 56 57 51 00
Tast 2 for Barn, unge og familiar
Deretter tastar du 4 for PPT
Send e-post 

Kontakt

Annveig Myklebust Fjellstad
Leder
Mobil: 41235723