Det er nasjonal varslingsprøve onsdag 8. januar

Onsdag 8. januar kl. 12 blir Naudvarsel på mobil og varslingsanlegga til Sivilforsvaret testa over heile landet.

Bilde med tekst om naudvarsev - Klikk for stort bilete DSB

Dette er berre ein test, og du treng ikkje å gjere noko. 

Politiet sender ut test av Naudvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".

Varslingsprøven den 8. januar gjennomførast over heile landet, rundt klokka 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spille av et høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler.

Kvifor testar vi slik varsling? Les kort forklaring her (PDF, 787 kB)

Why do we test Emergency alert? Here is a short explanation

Sjå plakat om varsling på mobil

Les meir på naudvarsel.no