Bjørnafjorden kommune har starta arbeid med gatebruksplan for Osyøro.
Føremålet med gatebruksplanen er å lage eit overordna dokument for fysisk utforming av trygge og attraktive torg, byrom, parkrom og gater i sentrum.
Dette inneber mellom anna berekraftig stadutvikling, naturmangfald i sentrum, trivsel- og gode aktivitetsområde. I tillegg vil gatebruksplanen gå innpå korleis ein kan handtere overvatn i sentrum.
Det overordna målet med planen er at sentrum skal vere ein destinasjon.
Kom gjerne med tilbakemelding om du har nokon gode idear for framtidas Osøyro. Vi vil høyre frå deg!
Ver vennleg å send innspel til post@bjornafjorden.kommune.no, og vis til saksnummer 24/4039.
Frist for innspel er 21.januar 2025.
Planinitiativ Gatebruksplan (PDF, 2 MB)
Sjå avgrensinga i kart her. (PNG, 16 MB)