Kommunestyret i Bjørnafjorden kommune vedtok i budsjett for 2024 å avvikle stillingen kreftkoordinator gjeldande frå 1. juli 2024.
For deg som allereie har kontakt med kreftkoordinator, opphøyrer tenesta i løpet av dei neste månadane. Du vil bli kontakta.
Nye henvendingar blir ikkje besvart. Har du kreft eller er pårørande til kreft, må du ta kontakt med Haukeland universitetssjukehus eller med fastlegen din.
- Har du nett fått ein kreftdiagnose og er i pakkeforløp, kan du eventuelt søke råd hos forløpskoordinator på sjukehuset.
- Er du komme inn i behandling, kan legen som behandlar deg eller kreftsjukepleiar på avdelinga eller på poliklinikken gi råd.
- Fastlegen er alltid viktig for deg som har fått kreft.
Siste Treffpunkt i april
Vedtaket får òg konsekvensar for drifta av Treffpunkt - eit gruppetilbod for barn som er pårørande (6-16 år). Siste Treffpunkt i Bjørnafjorden blir 8. april 2024.
Sist endra 11.06.2024 09:11