Nye kurs i data- og mobilbruk for deg som er 70+

Unge er gode på data og mobil. Dei er oppvaksne med denne teknologien og har han i fingrane. Men vi lærer så lenge vi lever!
No har du som er 70+ sjansen til å gå på kurs, der elevar frå helsefagarbeidarlinja ved Os vidaregåande skule lærer deg om bruk av data, mobil og velferdsteknologi. Det blir nye kurs vinteren 2023 og andre kurs no i haust.

Undervisninga vil skje éin-til-éin i ditt eige tempo.

Dette møtet på tvers av generasjonar er inspirerande og lærerikt for alle. Også for deg som har levd ei tid og føler du kan slite med å hengje med.

Kursdatoar haust 2022

Bjørnafjorden eldreråd, Seniornett Bjørnafjorden og Os Pensjonistforening med fleire inviterer til andre kurs der den digitale kvardagen er tema.

  • Torsdag 22. september klokka 12.00: Gratis kurs i bruk av den nye BankID-appen på Os eldresenter. Det er gratis transport og ein-til-ein-undervisning frå representar frå fleire banka og andre kursassistenter.
    Les meir i kursbrosjyren (PDF, 79 kB)
  • Måndag 26. september klokka 11.30 er det kurs i å ta i bruk Friskus på Os eldresenter. For påmelding, ring 907 98 332 eller kontakt Frivilligsentralen i Os.
    Les meir i kursbrosjyren (PDF, 75 kB)
  • Torsdag 29. september klokka 14.00 er det kurs i å ta i bruk Friskus på biblioteket i Eikelandsosen. For påmelding, ring 907 98 332 eller kontakt Frivilligsentralen i Fusa.
    Les meir i kursbrosjyren (PDF, 75 kB)
  • Kursstart 6. oktober klokka 15.00 for ein-til-ein-kurs på Os Folkebibliotek.
    Kursa er planlagt å gå annankvar torsdag.
    Les meir i kursbrosjyren (PDF, 325 kB)
     

Datakurs vinteren 2023

Førebels er det sett opp to kurs i januar 2023:

  • 9. og 11. januar klokka 10-14 på Os vidaregåande skule. For påmelding, ring 913 83 884. Plass til åtte deltakarar.
  • 16. og 18. januar klokka 10-14 på Os vidaregåande skule. For påmelding, ring 913 83 884. Plass til sju deltakarar.

Les meir i kursbrosjyren (PDF, 422 kB)

Praktisk informasjon

  • Stad: Os vidaregåande skule. Møt opp ved hovudinngangen i A-blokka.
  • Tid: klokka 10-14. Kurset går over to dagar. Du treng ingen forkunnskapar
  • Pris: Kurset er gratis
  • Lunsj blir servert

Meld frå om du har behov for transport til og frå heimen. Vi kan hjelpe deg.

Smittevern

Kurset blir gjennomført etter gjeldande retningslinjer for smittevern.
Endringar/avlysing kan skje.

Slik melder du deg på

Ring leiar i Bjørnafjorden eldreråd, Bjørn Sivertsen, på telefon 913 83 884

Kurset blir arrangert av eldrerådet i samarbeid med kultureininga i Bjørnafjorden kommune og Os vidaregåande skule, med støtte frå E-helse Vestland.

Til toppen