Spesialundervisning vaksne

Opplæringslova §5-6 skisserer eit todelt mandat for PPT som må sjåast i samanheng:  

  • hjelpa skulane i arbeidet med kompetanseheving og organisasjonsutvikling for å tilrettelegge opplæringstilbodet for elevar med særlege behov
  • utarbeide sakkunnige vurderingar der lova krev det

Vaksne kan ha rett til spesialundervisning på to ulike grunnlag:

  • Vaksne som har rett til grunnskuleopplæring og som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne (§4 A-2, første ledd)
  • Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande dugleik (§4 A-2, andre ledd). Dette gjeld grunnleggande ADL-ferdigheiter, grunnleggande kommunikasjonsferdigheiter, grunnleggande lese- og skriveferdigheiter og motorisk trening.

 

Det er vaksenopplæringa som drøftar og vidareformidlar ei eventuell tilvising til PPT. Dersom ein lurar på om det er aktuelt med spesialundervisning for vaksne, kontaktar ein først vaksenopplæringa. Ein kan også ta direkte kontakt med PPT dersom det er spørsmål. Dei tilsette i PP-tenesta har teieplikt og arbeider ikkje i enkeltsaker utan samtykke frå den vaksne og/eller verge. Systemstøtte til skulen på gruppenivå krev ikkje samtykke frå den enkelte.