Kven er logopedtenesta?

Vi i logopedtenesta arbeider både direkte og indirekte med barn i barnehage og grunnskule. Det indirekte arbeidet kan for eksempel vere rettleiing og modellering av språkgrupper og andre språkaktivitetar i barnet sitt miljø.

Logopedtenesta kan arbeide direkte med barn som har

  • vanskar med uttale og språklydar, det kan for eksempel vere at barnet byter ut ulike lydar eller kutter ut stavingar/lydar i ord. 
  • vanskar med taleflyt, som stamming og løpsk tale. 
  • stemmevanskar (bør sjekkast hos øyre-nase-hals-lege først).
     

Dersom vanskane skildra over er ein del av eit større vanskebilete, for eksempel at barnet har andre språkvanskar/diagnosar, vil logopedtenesta ofte ha ei meir rettleiande rolle. Etter samtykke frå føresette kan skule/barnehage drøfte saka med kontaktperson i PPT. Kontaktpersonen tar saka vidare til logopedtenesta ved behov. 

Barn får vanlegvis tilbod om treningsøkter kvar veke, i ein periode på inntil 10 veker. Den direkte hjelpa består av periodar med trening og pausar. Treninga skjer vanlegvis i barnehagen eller på skulen, men barnet kan også kome saman med føresette til logopeden sitt kontor. 

Slik kjem du i kontakt med logoped

For skulane: Dersom eleven det gjeld mottar spesialundervisning bør saka bli drøfta med kontaktperson i PPT før du henviser foreldre til søknadsskjema. Sjå informasjon over om kva sakar logopedane vanlegvis arbeider i. 

For barnehagane: Etter samtykke frå føresette kan barnehagen drøfte saka med kontaktperson i PPT på barnehagen sin besøksdag. Kontaktpersonen tar saka vidare til logopedtenesta. 

Det er føresette sjølv som sender inn søknad til logoped. Du må gjerne henvise dei til denne sida. Der finn dei både søknadsskjema og informasjon om logopedhjelp.

Har du andre spørsmål til logopedtenesta, eller vil du at vi skal ta kontakt med deg? 
Send oss ein e-post til logopedtenesta@bjornafjorden.kommune.no 

NB! Ikkje skriv sensitiv informasjon som helseopplysningar eller hjelpebehov på e-post.

Kontakt

Kaia Randa Berthelsen
Logoped
Mobil: 95030991
Kristine Gressgård
Still m/krav om mastergrad
Mobil: 95914158
Marit Siren Mjelde
Logoped
Mobil: 95030993
Rebekka Sævrøy
Ped.psyk.rådgiver
Telefon: 46897655
Mobil: 46897655
Ingvild Lunde Oseng
Spesialkonsulent
Mobil: 48001725