Søk graveløyve og arbeidsvarslingSkal du grave eller utføre anna arbeid på eller i nærleiken av kommunale vegar i Bjørnafjorden? Hugs at du må søke om graveløyve og/eller arbeidsvarsling først. Slik går du fram Retningslinene og søknadsskjema er laga på grunnlag av veglova § 32 med tilhøyrande forskrifter. Lova gjeld over, under eller langs offentleg veg, og innanfor tre meter frå vegkant. Her finn du leidningsforskrifta. Les gjerne rettleiar til leidningsforskrifta. Heile Statens vegvesen si handbok N301 "Arbeid på og ved veg" med tilpasningar er gjeldande for kommunale vegar i Bjørnafjorden kommune. For å søke, treng du vegreferansen til den aktuelle vegen. Vegreferansen finn du ved å klikke på vegen der arbeidet startar og sluttar i dette kartet. Søknadsskjema Hugs at du må sende inn graveløyve og arbeidsvarsling i to separate skjema. Søknadsskjema graveløyve Søknadsskjema arbeidsvarsling (XLSX, 162 kB) Send søknad til post@bjornafjorden.kommune.no Mangelfulle søknader blir returnerte. Det same gjeld søknader som ikkje er godt nok utarbeida, som til dømes viser manglande forståing av risiko og/eller planlagte varslings- og sikringstiltak som ikkje samsvarer med risiko. Sist endra 30.03.2023 09:10