Brot i partssamarbeidet med NSF

Bjørnafjorden kommune og Norsk sykepleierforbund (NSF) har siden hausten 2023 ført drøftingar om arbeidstidsordningane (turnusane) for medlemmane i NSF. Det er no brot i dette partssamarbeidet.

Arbeidsgjevar er oppteken av å gje våre tilsette dei beste arbeidsvilkåra og leggje til rette for gode rammer for våre tenester. Dette blir no ikkje mogeleg ettersom drøftingane med NSF ikkje har ført fram. Kjernen i drøftingane er at partane må vera samde og NSF må signera turnusane dersom desse skal vera gjennomsnittsberekna. NSF ønskjer ikkje å signera turnusane då dei ikkje er samde i profilen i turnusane knytt til vaktlengde og oppmøtedagar. 

Det er viktig for arbeidsgjevar å understreka at turnusane er innanfor lovverket, dei tilsette er høyrt og ein kan gje gode faglege tenester gjennom denne måten å organisera arbeidet på. NSF har ikkje fått fullt gjennomslag for sine prinsipp og ønskjer derfor ikkje å signera turnusane. 

- Vi er leie for at drøftingane ikkje har ført fram. Vi ønskjer at våre tilsette skal ha så gode arbeidstidsordningar som mogleg, men det er avhengig av vilje også frå involvert arbeidstakarorganisasjon, seier kommunedirektør Arild McClellan Steine.

- I drøftingane med NSF har vi diverre ikkje klart å komme til semje. Medlemmane i NSF, knytt til nokre avdelingar ved Lurane, vil difor få ein turnus i tråd med arbeidsmiljølova sine bestemmelser (35,5 t/veke) og ikkje ein turnus som er gjennomsnittsberekna. Arbeidsgjevar er klar på at dette er ei dårlegare ordning for dei som er medlemmar i NSF, men vi kan ikkje gå på akkord med fagleg forsvarlege rammer. 

Konsekvensar ved å ikkje bruke gjennomsnittberekning i turnusar:
Brukarane våre vil i første omgang ikkje bli påverka av endra arbeidstidsordningar. På sikt kan tenesteytinga bli skadelidande av manglande fleksibilitet for tilsette og jamt høg arbeidsbelastning i eit krevjande yrke. 

Dei største konsekvensane ved å ikkje gjennomsnittsberekna turnusar vil vere for våre tilsette. Dei nye turnusane vil innskrenke dei tilsette sin mogelegheit for lågare arbeidsbelastning i periodar, med for eksempel fri langhelg.

I praksis vil kravet frå NSF tyde at turnusane ikkje vil vere tilpassa behovet på avdelingane. Om kravet skal oppfyllast vil vi ha færre tilsette på jobb til tider og dagar enn det reelle behovet. Tilsvarande vil vi ha fleire tilsette på jobb til tider og dagar enn det som er hensiktsmessig.

Endringa gjeld kun for sjukepleiarar som arbeider ved Luranetunet, ved 4 av 9 avdelingar kor ein ikkje har fått godkjente turnusar,-  og som er medlemmar i Norsk sykepleierforbud. Andre tilsette, eller sjukepleiarar som ikkje er medlemmar i NSF vil framleis ha ein turnus med gjennomsnittsberekna arbeidstid.

Endringa vil tre i kraft frå måndag 30. september.

Faktaboks:
Gjennomsnittsberekning av turnus betyr at arbeidstida blir fordelt ulikt over ein gitt periode, slik at ein i nokre perioder jobbar meir enn vanleg, og i andre periodar mindre. Målet er at den gjennomsnittlege arbeidstida, gjennom ein fastlagd periode, ikkje kjem over lova sine grenser for alminneleg arbeidstid. Eit eksempel er at ein kan jobbe opptil 10 timar i løpet av 24 timar eller 48 timar i løpet av ei veke, men gjennomsnittet for ein periode på åtte veker skal ikkje vere meir enn 48 timar per veke. Dette gjer ein fleksibilitet som kan vere nyttig i arbeid med varierande belastning, og gjer mogelegheit for lengre periodar med arbeidsfri for dei tilsette.

Kontaktperson: Arild McClellan Steine, Kommunedirektør, Bjørnafjorden kommune, mob: 988 80 485, ariste@bjornafjorden.kommune.no