Depresjon: Kjenner du deg trist og kraftlaus, og brukar mykje tid på å gruble?

Jobb med deg sjølv, som del av ei gruppe. Oppstart 21. november 2024.

Tilbodet passar for deg som:

  • Kjenner deg trist og nedstemt
  • Har lite energi
  • Brukar mykje tid på grubling og bekymring

Om tilbodet

Vi brukar kognitiv åtferdsterapi i behandlinga. Du vil få tilgang til eit digitalt sjølvhjelpsprogram, les meir om dette her: Mestringsverktøy – Assistert Selvhjelp

Gruppa vil ha 6-10 deltakarar og møtest 8 gonger. Det vil vere heimeoppgåver mellom kvar gong. 
For å ha best mogleg effekt av tilbodet, er det viktig med eigeninnsats og at du har kapasitet til å arbeide med verktøya i kvardagen.

Gruppeleiarar: Siren Jerman Bjørstad, psykolog og Maren M. Assev, kognitiv terapeut.

Tid og stad

Torsdagar, kl. 9-10.45
Dragesetbygget, 2. etasje, Torggata 7, Osøyro.

Kursdatoar 2024/2025

  • 21. november 2024
  • 28. november 2024
  • 12. desember 2024
  • 9. januar 2025 
  • 16. januar 2025 
  • 23. januar 2025 
  • 30. januar 2025
  • 6. februar 2025

Slik melder du deg på

Send ein e-post med namn og telefonnummer til rask.psykisk.helsehjelp@bjornafjorden.kommune.no 
Vi tar kontakt med deg for ein kartleggingssamtale. 

NB! Ikkje skriv sensitive opplysningar i e-posten, til dømes omfattande forklaring på kvifor du søkjer hjelp eller tidlegare sjukdomshistorie.  Dette kan vi snakke om når vi tar kontakt med deg.

Du kan òg ringe telefon 474 67 473, måndagar og onsdagar kl. 12-14. NB! Du kan ikkje sende SMS til dette nummeret.