Hugs å svare på brukarundersøkinga for heimetenestene NB! Utvida svarfrist Jem Sahagun/Unsplash Har du eller nokon du er pårørande til mottatt ei brukarundersøking frå heimetenestene i Bjørnafjorden kommune? Då er det til stor hjelp om du svarar på undersøkinga, eventuelt hjelper brukaren slik at han eller ho får svart. Undersøkinga er sendt i postkassen.Du vel sjølv om du vil krysse av på svarskjemaet og returnere det til oss i ferdigfrankert konvolutt eller levere til heimetenesta når dei er innom. Du kan òg svare digitalt ved å gå inn på denne lenka.Det tar om lag 5-10 minutt å svare på undersøkinga.Kva lurar vi på?Vi ønskjer tilbakemelding på kva du som brukar meiner om tenestene du får. Vi spør mellom anna om korleis du opplever kvaliteten i tenesta, og kor nøgd du er med enkelttenester.Vi vil bruke resultatet frå denne undersøkinga i arbeidet med å utvikle og forbetre heimetenestene i Bjørnafjorden kommune.Svarfrist 1. juli 2024.Takk for hjelpa! Sist endra 18.06.2024 09:38