Julegåveaksjonen Prosjekt Hjartetre er eit fellesprosjekt mellom frivilligsentralane, eldsjeler, hjelpeorganisasjonar, kommunale einingar og næringsliv i kommunen vår.
Målet for prosjektet er å spreie glede og varme til barn, unge og familiar som har det ekstra trongt i samband med jul, gjennom eit felles julegåveprosjekt kor privatpersonar og næringsliv kan oppfylle juleønske frå barn og unge i nærmiljøet. I tillegg vil dei gi bidrag til julemat for dei som treng det.
Bjørnafjorden kommune ved Os frivilligsentral har ansvaret for prosjektleiing og økonomi.