Tar pulsen på kulturen torsdag

Torsdag 21. november klokka 18 inviterer Bjørnafjorden kommune til ope møte for lag og organisasjonar og kulturentreprenørar i Bjørnafjorden. Møtet er i Tunet kyrkje- og kultursenter på Osøyro.

Logo for Friluftslivets år - Klikk for stort bilete

Møtet finn stad torsdag 21. november klokka 18.00-20.00. Sjå plakat for arrangementet. (PDF, 114 kB)

Agenda for møtet

  • Status for ny Sektorplan for kultur, idrett og friluftsliv
    Målet å få vedtatt ein heilskapleg kulturplan i løpet av 2025, den første i Bjørnafjorden. Sjå heimesida.
     
  • Markering av Friluftslivets år 2025 – Les meir på Friluftslivetsar.NO.no
    Kva ønsker vi å gjera ut av Friluftslivets år 2025? Kva ønsker laga å gjera og kva tenker kommunen om setja friluftslivet i fokus gjennom 2025?
     
  • Korleis bruka Tilskuddsportalen.no
    Tilskuddsportalen er eit tilbod til alle organisasjonar i Bjørnafjorden. Kjenner du til den? Her får du tips og rettleiing.
     
  • Presentasjon av Amatørkulturrådet Askøy - www.akra-askoy.no
    Bjørnafjorden har eit idrettsråd, men manglar eit samlande råd for amatørkulturen. Askøy Amatørkulturråd presenterer korleis dei jobbar.
     
  • Open post
    Lagslivet har etterspurt fleire møtepunkt mellom kommunen og lagslivet, og der lagslivet kan møtas på tvers. I møte legg vi opp til både informasjon og dialog. Vi håper ditt lag har høve til å vera representert. De kan koma med eigne innspel under open post. 
     

Det blir enkel servering.